Mobilitetsveka 2025 | Sør-Afrika–Nordkapp på sykkel!, 17 September | Event in Bergen | AllEvents

Mobilitetsveka 2025 | Sør-Afrika–Nordkapp på sykkel!

Miljøløftet

Highlights

Wed, 17 Sep, 2025 at 07:00 pm

Litteraturhuset i Bergen

Advertisement

Date & Location

Wed, 17 Sep, 2025 at 07:00 pm (CEST)

Litteraturhuset i Bergen

Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Mobilitetsveka 2025 | Sør-Afrika–Nordkapp på sykkel!
25 000 km, 26 land og 4 år på sykkel! Vi inviterer til eit eventyrleg foredrag med Teresie Hommersand under Mobilitetsveka 2025.

Etter seks år i Cape Town bestemte Teresie Hommersand seg for å sykle heim i staden for å fly, på grunn av klimaendringane og eit ønske om å redusere sitt eige karbonavtrykk.

Turen tok 4 år, gjekk gjennom 26 land og 25 000 kilometer, frå lammande 50° C til bitande –30° C. No tar Teresie med seg sykkelen og fortel om turen under Mobilitetsveka.

Dette handlar om å sykle. Å ta seg fram ved eiga kraft. Om mot til å lytte til seg sjølv. Eit individ si evne. Om all omsorga og kjærleiken som har prega alle menneskemøta langs vegen, på tvers av landegrenser, kultur, språk, religion, kjønn og generasjonar. Det handlar om fantastisk natur! Nytenking og kreativitet. Korleis møte utfordringar. Og om at det å vere klimavennleg ikkje treng å vere kjedeleg eller gå utover livskvaliteten. Tvert imot. Dette handlar om eit eventyr for livet!

Gjennom foredraget får du forteljinga om ei fantastisk reise, men kan og lære om utfordringar og problemløysing, og gjenoppdage dine eigne evner og ditt eige mot!

Foredraget varer ca. 1 time + spørsmål/svar.

Inngang: Gratis og ope for alle.

OM EUROPEISK MOBILITETSVEKE
Europeisk mobilitetsveke blir arrangert kvart år frå 16. til 22. september. Målet med veka er å vise korleis du kan reise mer miljøvennlig, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Enten du går, syklar eller tek buss, båt eller bane.
Årets tema for Mobilitetsveka er "Grøn reiseglede for alle". Det handlar om å sikre at alle menneske har tilgang til berekraftig transport, uavhengig av inntekt, bustad, kjønn eller funksjonsevne.

OM MILJØLØFTET
Miljøløftet er samarbeidet mellom stat, fylke og fem kommunar om nullvekstmålet i bergensområdet: Å unngå at personbiltrafikken veks, sjølv om folketalet gjer det. Dette skal skje gjennom meir kollektivtrafikk, fleire gang- og sykkelvegar og betre arealbruk.
Les meir: www.miljoloftet.no

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Miljøløftet

Miljøløftet

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Mobilitetsveka 2025 | Sør-Afrika–Nordkapp på sykkel!, 17 September | Event in Bergen | AllEvents
Mobilitetsveka 2025 | Sør-Afrika–Nordkapp på sykkel!
Wed, 17 Sep, 2025 at 07:00 pm